Skip to the content

The Greatest Show

28. mars 2020 - Kl. 18.00

THE GREATEST SHOW – Old and new 

HERØY KULTURSKULE


Laurdag 28 mars kl 18 blir det stort show på Fosnavåg konserthus!
Herøy kulturskule inviterer publikum med på ei reise med mange høgdepunkt frå musikkhistoria. Her blir det noko for einkvar smak.


Kulturskuleelevane har øvd på showet lenge, og vi gler oss til å framføre det på konserthuset og eit stort publikum. Elevar frå Drama- og Teater skal leie oss trygt gjennom programmet.


Mange ulike låtar skal framførast, som for eksempel Waterloo, Fly me to the Moon og Come out and play av Billie Ellish. 


13 av dei yngste elevene skal synge Milkshake, ein låt frå KuToppen i Kristiansand dyrepark. Her må det sikkert tørkast nokre tårer…

Med låtar som Yellow Submarine, Shape of you og fleire, stiller lærarane frå kulturskulen med flott samspel både når det gjeld song, dans, piano og gitar. 


Det som har vore ekstra spennande til årets show, er at elevane har blitt kjende med mykje ulik musikk, både frå gammal og nyare tid. 


Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne, og vi gler oss til å få vise fram kva elevane har jobba med!