Skip to the content
Kreativ
 

Kreativ dans

frå 12 år og oppover
 
Stemningar, kjensler og rørsler som ein ikkje har vore vande med å utføre tidlegare.
Musikk som skil seg ut i frå alt anna. Eller ikkje musikk i det heile.
Bruk av tyngdekraft og rekvisittar. I moderne og kreativ dans jobbar ein mykje på golvet,
mot golvet og over golvet. Av og til kan det vere vanskeleg for publikum og forstå det ein ser,
og det kan til tider oppfattast som teater.
Andre gonger vil publikum kjenne igjen uttrykket og stemninga veldig godt.
Denne formen for dans er veldig kreativ og lærerik, og ein blir godt kjend med seg sjølv
og sitt eige uttrykk. Sjølvtilliten veks fort når ein heile tida blir utfordra til å uttrykkje noko
med kroppen sin som andre skal forstå eller kjenne igjen.
Timane startar med oppvarming av heile kroppen, både i senter og over gulvet.
Vi har også lagt inn reine improvisasjonstimar der elevane får ulike typar musikk dei skal improvisere til.
Andre gongar finn vi musikk i fellesskap og koreograferer på sparket i samarbeid med alle i gruppa,
og alle trinn ein kjem på der og då er korrekte.
Under slik jobbing blir det laga spennande dansar!


 

Påmeld