Skip to the content
minitrompet4
 

Minitrompet

Vi har fem barnehagar som har hatt BARNEHAGEKORPS som prosjekt no ei tid.
Mange har ytra ønskje om å fortsette å lære på minitrompet etter at dei har kome i første klasse.
Det er jo slik at KORPS I SKULEN tek til i 2. klasse (brassband) eller 3. klasse (janitsjar), og då blir det lenge å vente for å kome inn på det tilbodet.
Difor opnar vi no for at alle kan søkje om MINITROMPET  etter at dei er ferdige i barnehagen.
Kor mange grupper det kan bli er avhengig av kor mange som søkjer.
Dersom ein ikkje vil kjøpe eigen trompet, så er desse å få leige for kr. 450,- pr. år i kulturskulen.
 
Lærarar: Tone G. Larssen og Marita Therese Voldnes

Påmeld