KREATIVITET – TRIVSEL – MEISTRING

Herøy kulturskule er ein viktig del av veldig mange born og unge sitt kultur- og oppveksttilbod, og vi tilbyr opplæring i musikk, dans og ulike kulturfag.
Arbeid med kunst utviklar fantasi og sansar, og som elev i kulturskulen får ein utvikle tryggleik og forståing for kva det vil seie å vere menneske, både aleine og saman med andre.
Opplæring i kulturskulefaga er individuelt tilpassa, langsiktig innretta og kan gi elevar ei livslag interesse. For nokre kan også dette vere eit grunnlag for yrkesutdanning innanfor kunstfag.
Gjennom heile året lagar kulturskulen til konsertar, gjerne fleire i månaden. Dette blir arrangert på stadar i heile kommuna vår, og elevar som høyrer til den enkelte skule får opptre for publikum. Dette kan vere litt spennande, og eleven får god trening i å vise talentet sitt for mange.
Skulen har administrasjonslokale på Herøy kulturhus i Fosnavåg. Undervisninga går føre seg der og rundt om på skulane og andre lokaler i Herøy kommune.
Velkomne til kulturskulen!