Skip to main content Skip to footer

Elevbetaling:

Elevplass for skuleåret 2023/2024: kr. 1.915,- pr. semester
Minimix: kr. 1.275,- pr. semester

Elevbetalinga blir delt opp og fakturert haust og vår.

Tillegg for:

  • Instrumentleige kr. 450,- (blir fakturert kr. 225,- haust og vår)
  • Visuelle kunstfag og Drama/Teater har i tillegg ei materialavgift på kr. 450,- (blir fakturert kr. 225,- haust og vår)

Kulturskulen har moderasjon for sysken, denne gjeld også elevar ved fleire disiplinar.

Krav om brukarbetaling vert sendt ut frå økonomiavdelinga i Herøy kommune.

Her kan ein søke om midlar frå Kontantkassa  Ler meir om det her

Vilkåra ved Herøy kulturskule 2023-2024 er:

  1. Nye elevar fyller ut det elektroniske søknadsskjemaet på heroykulturskule.no, eit skjema for kvar elev. Om ein elev ønskjer  å søkje på fleire disiplinar/fag,  gjer ein det på same skjema.

    Når ein elev har fått plass, er ein bunden til eit heilt skuleår, men nybegynnarar på eit fag har ei prøvetid fram til haustferien, jfr. gjeldande skulerute.
    Dersom eleven vil slutte etter nyttår må skriftleg melding sendast til skulen innan 1. desember for unngå å måtte betale også for vårsemesteret.
     
  2. Dei som alt er elev ved kulturskulen blir automatisk ført over til neste skuleår på same fag. Alle har fått eit brukarnamn og passord, og kan gjere endringar direkte i systemet når det gjeld telefon, e-postadresse, mm. Her kan ein også endre val av fag, men merk at ein då hamnar på venteliste. Oppseiing av plass må skriftleg meldast til kulturskulen.

  3. Påmelding: Kulturskulen kan registrere påmeldingar heile året. Opptak kan også gjerast i løpet av skuleåret, dersom det er ledig kapasitet. Kriteria for opptak frå ventelista er påmeldingsdato, alder på søkjar og ei totalvurdering frå rektor og faglærar.

  4. Skuleåret: Undervisninga går over 35 veker, og alle feriar følgjer den gjeldande skuleruta til grunnskulen.
    Under spesielle prosjektveker er det ikkje undervisning. Dette vil de få melding om.

    NB:  Nokre fag har kortare skuleår, men lengre undervisningsøkter. Informasjon om dette vil bli sendt ut.
     
  5. Elevavgifta er fastsett av kommunestyret, og blir justert frå år til år.
    Det blir sendt ut faktura på halve årsbeløpet haust og vår.
     
  6. Ordninga med søskenmoderasjon er slik:
  • Første elev betalar full pris.  Same eleven får 25% rabatt på fag 2, og 50 % rabatt på fag 3, 4, etc. 
  • Andre elev får 25 % rabatt for fag nr. 1, 50 % rabatt for fag nr. 2, 3, etc.
  • Tredje og fjerde elev får 50 % rabatt for fag nr. 1 og 50 % rabatt for fag vidare.
  • Vaksne elevar (over 20 år) får ikkje rabatt. 
  1. Instrumentleige 450.- pr år .
    Evt kostnadar ved skade av instrumentet må betalast av foreldre/føresette dersom det skuldast dårleg behandling.

  2. Vikar: I kulturskulen er det til tider svært vanskeleg å skaffe vikar ved korttidssjukdom. Kulturskulen kan difor avlyse 3 timar på den enkelte disiplin i løpet av skuleåret, utan at skulepengane vert refundert. Elevane må rekne med endringar i timeplanen ved Herøy kulturskule sine prosjektframføringar.
     
  3. Eleven skal møte presis og godt førebudd til undervisninga. Sjukdom og anna fråvær skal varslast direkte til lærar, eller skulen sitt kontor.  Forsømte timar blir ikkje erstatta.
     
  4. Bruk av bilete: Kulturskulen brukar facebook, Instagram og heimeside som informasjonskanal. På dei ulike sidene presenterar skulen sine aktivitetar, undervisning, konsertar, show , teater mm. på ein positiv måte.  Vi legg ikkje ut namn på elevar saman med bilete.  Det er naturlegvis høve til å reserverar seg i søknaden mot  at vi legg ut bilete av Dykkar born. Evt. send oss ein e-post  til påminning.  Vi kan også fjerne bilete som alt er lagt inn om det skal vere aktuelt.