Skip to the content

WorkShop - Trommer

19. oktober 2019 - Kl. 11.00

Slagverk og Rytme

Laurdag 19.oktober 2019 inviterer Herøy kulturskule til inspirasjonsdag innan slagverk og rytme. 

Vi ser det er eit stort behov for å inspirere ungdommar og andre til å spele rytmeinstrument i kommuna vår. Mange av korpsa slit med rekrutteringa, og vi trur det er tid for å «slå på stortromma» for å få i gang dette miljøet igjen. 

Herøy kulturskule har invitert Miki Campins som instruktør denne dagen. Miki er tilsett i Ålesund kulturskule som slagverklærar, og er mykje brukt som slagverkar og perkusjonist i diverse orkester og andre prosjekt. 

Miki Campins legg opp til ein dag med mykje liv og røre på Herøy kulturhus denne laurdagen. Her blir det sjølvsagt opplæring i grunnleggande teknikkar og samspel med fokus på mange spennade rytmer. 

Denne dagen er open for alle over 10 år som ynskjer å bli inspirert av ein utruleg flink instruktør. Kurset er gratis, og vi startar kl 1100 og held på fram til kl 1600. Ta gjerne med hørselvern J

Send påmelding til rune.paulsen@heroy.kommune.no innan 15.oktober. Vi har plass til max 20 stk, og går etter «først til mølla» prinsippet