Skip to main content Skip to footer

iPad / Garageband

I dette faget vil elevane få ei praktisk innføring i bruk av appen GarageBand på iPad, og målet er at elevane skal få oppleve mestring og glede ved å bruke nettbrett på ein kreativ måte til å arrangere/komponere eigen musikk.
I  tillegg vil dei få auka kunnskap om mellom anna rytmikk, musikalske sjangrar og musikkuttrykk.
Ved at elevane får teste ut alle instrumenta virtuelt i GarageBand, har dette faget har vist seg å være ein døråpnar for fleire som har gått vidare til andre instrument i kulturskulen.

Krav til alder og forkunnskaper:
Dette tilbudet er for dei yngste elevane. For elevar i ungdomsskulealder og oppover anbefalar vi faget Musikkproduksjon. Treng ikkje å kunne spele noko musikkinstrument.
Kulturskulen sørgar for at elevane får låne iPad i undervisninga (Kan ikkje lånast med heim). Dei som har eigen iPad med ferdig installert GarageBand kan ta med den.