Skip to the content

Herøy kulturskule

Var tidleg ute. Herøy kommune var av dei fyrste kommunane på landsbygda som skipa musikkskule. Alt i 1972 tok planarbeidet til, og hausten 1973 vart den fyrste undervisningsleiaren Ståle Andreas Stendahl tilsett. Dei fyrste elevane var på plass januar 1974. På den tida var det berre ca 30 musikkskular i heile landet, og dei fleste var i dei større byane. No har alle våre 450 kommunar kulturskule åleine, eller som interkommunal ordning. Slagordet til Herøy kommune var alt på den tida med å vere "Ei båtlengd føre"!

Kulturskule frå 1996. No vart det opna for andre disiplinar enn berre musikk, og då tok vi steg for steg, og det med ”7 mils støvlar” Dans var det fyrste forsøket i 1996 – seinare har det kome til Teikning form og farge, drama/teater, musikk fra livets begynnelse, klassisk ballett, jazzballett, moderne dans, minidans og ikkje minst koreografi. for dei mest ambisiøse danseelevane våre, og sist men ikkje minst Yoga/styrke, som inneverande skuleår har 45 detakarar.

Kulturpris for folkemusikk. Det var Andrine Longva Kopperstad som i 1990 introduserte folkemusikken i Herøy. Ho har gjort ein imponerande innsats som fiolinlærar, og med sine kraftige røter planta i tradisjonsmusikken, låg alt duka for å starte spelemannslaget ”Havella” Havella har i mange år vore eit av kulturskulens flaggskip. Det er noko vi er stolte av å vise fram, og som også kommunen har dokumentert ved å tildele dette laget kulturprisen i 1999.

Synleg i lokalsamfunnet med konsertar / oppvisningar for elevane. Lærarane er også svært flinke å tilrettelegge for elevane sine, både konsertar og musikkinnslag på diverse arrangement - møter o.a. Det er ikkje få av våre elevar som gleder unge og eldre med musikkinnslag på ymse arrangement.