Skip to main content Skip to footer

Drama-Teater

Drama og teater er faget for fantasi, innleving og skaparglede. Her får elevane utforske ulike roller og uttrykk – dei kan vere alt frå mus til konge, helt eller skurk. Det er berre fantasien som set grenser.

Gjennom leik, improvisasjon og scenearbeid lærer elevane grunnleggande ferdigheiter innan stemmebruk, kroppsspråk, rolleforståing og manusarbeid. Vi arbeider òg med formidling av kjensler og stemningar, og utviklar tryggleik i å stå framfor eit publikum.

Undervisninga går føre seg i grupper på 7–12 elevar, inndelte etter alder. Samarbeid og fellesskap står sentralt, og elevane får oppleve både energi, kreativ utfalding og meistring i samspel med andre.

Drama–teater styrkjer sjølvtillit, kommunikasjonsevne og trivsel – erfaringar som har verdi langt utover scena.

frå 2. klasse
Lærar: