Kornett
Kornetten er eit sentralt instrument i korpstradisjonen og har ein varm og mjuk klang som eignar seg godt både til melodispel og samspel. Instrumentet passar særleg godt for yngre elevar som ønskjer å starte med messing.
Gjennom undervisninga utviklar elevane pusteteknikk, embouchure (leppekontroll) og rytmisk presisjon, samstundes som dei får oppleve den krafta og energien som ligg i å spele saman med andre.
Kornetten gir tidleg oppleving av meistring og samhald, og er eit naturleg grunnlag for vidare utvikling innan trompet eller andre messinginstrument.
Undervisninga legg vekt på trivsel, progresjon og speleglede i eit trygt læringsmiljø.
frå 3. klasse.
Lærarar: Tone G. Larssen