Skip to main content Skip to footer

Blokkfløyte

Blokkfløyta er eit klassisk og fullverdig instrument med lange tradisjonar i europeisk musikk. Sjølv om vi ser det sjeldnare i dag enn tidlegare, er det framleis eit svært godt utgangspunkt for å lære grunnleggande musikalske ferdigheiter.

Instrumentet eignar seg særleg godt for yngre elevar og nybyrjarar. Gjennom blokkfløytespel utviklar elevane fingermotorikk, pusteteknikk, gehør og tonekontroll, samstundes som dei får ei solid innføring i rytme og notelesing.

Blokkfløyta fungerer òg som eit naturleg springbrett til andre blåseinstrument som tverrfløyte, klarinett, saksofon eller messinginstrument. Elevane får med seg tekniske og musikalske ferdigheiter som gjer overgangen vidare både trygg og motiverande.

Undervisninga legg vekt på meistring, speleglede og musikalsk energi, i eit trygt og utviklande læringsmiljø.

Lærar: Håvard Voldnes