Klassisk ballett
Klassisk ballett
frå ca 6 år
Timane startar med å varme opp heile kroppen ved å gjere grunnleggande øvelsar (dei blir vanskelegare etterkvart som elevane gjer framgong ).
Øvelsane bygger opp turn out, styrke, kroppshaldning, balanse og mjukheit.
I desse timane legg vi stor vekt på å trene opp eleganse, uthaldenheit, lange linjer og innlevelse. Kreativt samarbeid mellom lærar - elev, og elev - elev er også veldig viktig.
Ballettundervisninga for dei yngste inneheld også fridans. Det betyr at eleven eller fleire i lag får danse åleine framfor resten av klassa for å trene på å opptre foran eit publikum. I tillegg så utviklar denne aktiviteten eigen kreativitet og sjølvbilete til eleven.
Viktig er det også at ballettimane med dei yngste skal vere ein leik. Timen skal ikkje 'leikast vekk', men den grunnleggande treninga blir fletta inn i timen på ein positiv og spennande måte. Små barn klarer ikkje å repetere teknikk like lenge som eldre barn/ungdom, difor er det opp til læraren å vere kreativ på ein slik måte at barna sakte men sikkert meistrar nye øvelsar, kroppshaldning og eleganse.
Lærar: Aina J. Eliassen
