Skip to main content Skip to footer

Kreativ dans

Kreativ dans
frå ca 10 år og oppover
 
Stemningar, kjensler og rørsler som ein ikkje har vore vande med å utføre tidlegare.
Musikk som skil seg ut i frå alt anna. Eller ikkje musikk i det heile.
Bruk av tyngdekraft og rekvisittar. I moderne og kreativ dans jobbar ein mykje på golvet, mot golvet og over golvet. Av og til kan det vere vanskeleg for publikum og forstå det ein ser, og det kan til tider oppfattast som teater. Andre gongar vil publikum kjenne igjen uttrykket og stemninga veldig godt.

Vi jobbar mykje med lyrisk dans som gjerne blandar jazz, moderne og balletteknikkar, fokuserar på historiefortelling og inneheld gjerne løft, kontakt med kvarandre og dans som fyller heile scena med bevegelse.
 
Denne formen for dans er veldig kreativ og lærerik, og ein blir godt kjend med seg sjølv og sitt eige uttrykk. Sjølvtilliten veks fort når ein heile tida blir utfordra til å uttrykkje noko med kroppen sin som andre skal forstå eller kjenne igjen.

Vi har også lagt inn reine improvisasjonstimar der elevane får ulike typar musikk dei skal improvisere til. Andre gongar finn vi musikk i fellesskap og koreograferer på sparket i samarbeid med alle i gruppa, og alle trinn ein kjem på der og då er korrekte.
Under slik jobbing blir det laga spennande dansar!

Timane startar med oppvarming av heile kroppen, både i senter og over gulvet.

 
Lærar: Aina J. Eliassen

Lærarer