Skip to the content
Jazzdans
 

Jazzdans

frå 10 år og oppover

Jazzdans blir ofte forklart på denne måten: Klassisk ballett er høgt på tå med lange fine linjer.
Moderne dans tek i bruk tyngdekrafta og jazzdans ligg midt i mellom med muligheit for å trekke
inn impulsar frå det som ligg rundt.
Heftige rytmer og hoftevrikk, høge spark og spenstige hopp eller dans a la Justin Timberlake.

Her blir det ein god del teknikk-trening. "Samling av kroppen" ; kontroll over armar, føtene sine posisjonar,
bekken-, ryggsøyle- og nakkeplassering, fokusering/bruken av hovudet, balanse, styrke,
mjukheit + ein tydeleg forskjel på parallelle og turned out posisjonar.
Timane kjem generelt til å bestå av:

- oppvarmingsdel - kombinasjonar - tøying og styrke - diagonalt arbeid - dansinnstudering

Målet med teknikk treninga er å til slutt få ei korrekt kroppsholdning og styrke + å bli bevisst på kva ein kan gjere.
Då kan ein begynne å lære vanskelege og utfordrande øvelsar, og det vil også bli lettare å danse.
Å lære seg å kople hjerne og kropp raskt tek lang tid, men når eleven når det stadiet vil dei fort merke
at både utstrålinga og kreativiteten aukar. Elevane får også god scenetrening gjennom dei mange
ulike showa vi har på kulturskulen.
Lærarar: Aina Eliassen og Karoline Sivertsen

Påmeld