Skip to main content Skip to footer

Klassisk ballett

frå ca 6 år

Timane startar ved barren (stong festa på veggen horisontalt ). Her varmar vi opp heile kroppen
ved å gjere grunnleggjande øvelsar ( dei blir vanskelegare etterkvart som elevane gjer framgang ).
Øvelsane bygger opp turn out, styrke, kroppsholdning, balanse og mjukheit.
I desse timane legg vi stor vekt på å trene opp eleganse, utholdenheit, lange linjer og innlevelse,
og elevane får ofte putte trinn inn i dansane som ein normalt hadde venta med til ein hadde studert
klassisk ballett ein god del lenger. Slik har det blitt her ved kulturskulen fordi ballett timane er hobby
for dei fleste, og ein vil ha sjansen til å føle at ein dansar ballett og utviklar eleganse og i tillegg
skiller seg uti frå dei andre dansestilane. (Vi har all den grunnleggjande treninga, men koreograferer
friare dansar til elevane). Dei elevane som vil ha ei meir krevjande undervisning,
og skal satse vidare innan dans, får det.

Ballett undervisninga for dei yngste inneheld også fridans. Det betyr at eleven eller fleire ilag får
danse aleine foran resten av klassa for å trene på å opptre foran eit publikum. I tillegg så utviklar
denne aktiviteten eigen kreativitet og sjølvbilete til eleven. Viktig er det også at ballett-timane med
dei yngste skal vere ein leik. Timen skal ikkje 'leikast vekk' men den grunnleggande treninga blir
fletta inn i timen på ein positiv og spennande måte. Små barn klarer ikkje å repetere teknikk like
lenge som eldre barn/ungdom, derfor er det opptil læraren å vere kreativ på ein slik måte at barna
sakte men sikkert mestrar nye øvelsar, kroppsholdning og eleganse.
Lærar: Aina Eliassen

Lærarer