Alternativt musikktilbod
Herøy kulturskule har gjennom mange år hatt eit tilrettelagt musikktilbod for elevar med ulike behov knytt til fysisk eller psykisk funksjonsvariasjon.
Det alternative tilbodet vert individuelt tilpassa den enkelte elev. Vi tek utgangspunkt i eleven sine interesser, ressursar og føresetnader, og saman utforskar vi aktivitetar og uttrykk som skaper engasjement, energi og trivsel. Målet er at kvar elev skal oppleve meistring og utvikling i eit trygt miljø.
Undervisninga går som hovudregel føre seg som einetimar for å sikre tett oppfølging og fleksibilitet. Undervegs kan det vere naturleg å prøve ulike instrument eller uttrykksformer – vi arbeider utforskande og justerer etter behov. Dersom fleire elevar ønskjer det, kan samspel i gruppe eller band også vere aktuelt.